Frukt & Siderstien i Hardanger
Provided by:
Alvavoll Frukt og Sidergard
Her på garden Opedal starta den norske frukt og siderproduksjonen attende på 1200 - talet. På frukt og siderstien kan du no gjennom mobilen din læra om historia, frukta og sideren mens du vandrar gjennom bygda. På gardsutsalet på Alvavoll kan du kjøpa med deg sider, most og honning. God tur!
Points of interest
#1
Velkomen til Frukt & Siderbygda Lofthus
Du er no komen til episenteret for norsk fruktproduksjon, fruktbygda Lofthus. Her finn du 700 innbyggarar og vel ein halv million frukttre. Me dyrkar eple, pærer, plommer og moreller. Gjennomsnittsgarden i Ullensvang er 32 dekar dyrka mark, små gardar men høg verdiskaping. Fleire fruktgardar produsere og sider og har gardsutsal, det betyr at du har fleire vinmonopol i bygda. Fruktdyrkarane i området har fokus på å produsere kvalitetsfrukt til konsum, og det er eple med skalfeil som vert nytta til sider. Det er ein bærekraftig produksjon som syt for høg kvalitet på både konsumeple og sider. Omtrent 40 % av epleproduksjonen går til Sider og eplemost. Me kastar ikkje eit einaste eple. Fruktdyrkaraneher levere frukta si til Ullensvang Fruktlager som igjen levere til Coop Norge. Sør i bygda ligg NIBIO sin nasjonale forskingsavdeling for frukt. Lofthus var i tidlegare tider eit kommunesenter, no er bygda eit kulturelt og fruktfagleg tyngdepunkt i Hardanger. Etter denne rundturen er du kanskje einig i at det er verdas vakraste bygd og?